Haugstad var truleg den fyrste garden i Nundalen og hadde difor namnet Nundal. Det var fyrst i 1862 at garden vart kalla Haugstad. Ifylgje Laberg si bygdebok, kan garden og ha hatt namnet Sel ein gong før Svartedauden.
Gardsnamnet har vore endra fleire gonger:
" År 1330 Nondale
" År 1563 Nundall
" År 1603 til år1611 Nummedall
" År 1666 Nundall
" År 1723 Nundahl
År 1359
Haugstad har vore eigd av kyrkja i Fortun sidan tida før Svartedauden.
Garden vart løyst frå kyrkja i 1862, då kjøpte Hermund Johannesson Nundal garden.
I 1522 var det to brukarar i Nundalen, Per og Jon
Per har truleg hatt det største bruket, iflg. betaling i leiding. Det er mest truleg at han då styrte
garden Haugstad.
I år 1603
Så må ein fram til 1603 før ein finn namn på ein som dreiv garden. Ola (Ola-Knægt)
heitte han og han dreiv garden fram til 1640.
År 1616 -1683
Etter Ola kom ein Åmund (1616-1683)til garden. Åmund var so pass til kar at han kjøpte Torpen.
Åmund overlet garden til sonen Ola Åmundson (1660-1707), Ola var den siste som styrde både Torpen
og Haugstad samstundes.
Dei som vidare dreiv kyrkjegodset Haugstad var fylgjande:
Ingebrikt Olson dreiv fram til han døydde i 1714, enka gifte seg oppatt med same året med Mons
Johannesson f. 1685,frå Vestre Nundal.Mons dreiv garden fram til 1740.
Etter Mons kom Johannes Hansson (1702-1769). Johannes vart gift med Jøron Monsdatter Haugstad.
År 1764 - 1862
Her er fyrste gongen ein finn Haugstad namnet, det vert ikkje nemnt vidare før tinglysinga i 1862.
Dotteri deira, Eli, vart verande på garden og gifte seg med Hermund Olson Nundal.
Hermund fekk bygsel på plassen i 1764.
År 1918
Vidare går garden i arv frå far til son, sidan 1764 og fram til 1918 då vekslar namna på brukarane
mellom Hermund og Johannes. Den siste eigaren som dreiv garden var Hermann Hermundson, han overtok
etter broren Johannes, som døydde ung i 1918. Herman var lærar utanfor Bergen og var difor heime på
garden kunn om sommaren. Hermann hadde tenestefolk på garden den tida han dreiv bruket. Han dreiv då
garden fram til han døydde .01.01.1961.
Tenestefolket flytte ut og garden vart liggande aude. No var det kunn ein innbyggar igjen i Nundalen og
det var ho Johanna på Hagen.Ho laut flytta frå garden sin same året.
Historie om garden slik den står i dag :
Hermund Johannesson Nundal er den som har bygd opp Haugstad gard til den imponerande fjellgarden den er,
eller har vore.I 1862 kjøpte Hermund garden fri frå kyrkja i Fortun, for 850 riksdalar (ca. 3400,- kroner).
Garden blei vanstelt
Far til Hermund, Johannes (1815-1904), hadde vanstelt garden. Då Hermund overtok var det i alt 17 hus på
garden, fleire av dei var til nedfall og nokre utan tak. Den opparbeidde jordi var eit dagsverk å slå.
Årsaka til at garden var vanstelt var truleg at garden var bygsla.
Jegaren Johannes
I tillegg var Johannes å rekna som ein
av dei fremste jegerane i bygda, han hadde 14 bjørnar på samvitet, og brukte truleg mykje av tida si til jakt.
Hermund tok fatt på å rydda marka og å setta i stand daglegstova på garden. Daglegstova fekk nytt tak og vart
bordkledd innvendig. Seinare bygde han glasstova, den skulle vera til finare bruk.
Då han var ferdig med stovene laut han til med uthusi. Han reiv ned alle krøtterhusi og løene og bygde
opp eit stort uthus.
Muren
Då det ikkje var tømmerskog på garden laut han gjera seg mest muleg nytte av stein. Han sette opp ein mur som
er 23,3 m lang, 9m brei, 5m høg og 1,5 m tjukk i botn.
Muren er i to høgder og rommar gjødselkjellar og stall i fyrste høgdi og fjøs og smalahus i andre høgdi.
Oppå muren bygde han låve og forhus i tømmer. Tømmeret som vart nytta var av dei gamle husa han reiv.
Noko nytt laut han kjøpa, slik som åsar, bjelkar, sperr og golvbord.Det måtte han til bygdi for å kjøpa,
dette laut han då ro tilbake til Nundalen og kløvja og bera det opp på vestsida av dalen.
Seinare i 1885 kom det sledeveg på austsida.
Då Hermund hadde opparbeidd garden, var det 7 dagsverk å slå den opparbeidde marka.
Hermund døydde 6/7-1897, han etterlèt seg kona Gjertrud Nilsdotter Ornes (1842-1922) frå Hafslo og 8 born.
Eldste sonen Johannes overtok garden i 1904 men døydde i 1918.
Gjertrud, enka etter Hermund, skreiv
garden over på yngste sonen Hermann. Hermann var lærar og var ikkje heime på garden.
Garden vart bygsla vekk til Tolle Hauge og Erik Buhaug i kvar sin periode fram til Hermann kom heim
som pensjonist. Hermann hadde tenestefolk som var med å dreiv garden fram til han døydde 01.01.1961.
Beista vart selde på våren same året, til Bartol Vetti som dreiv Vetti`s eft.
Tenestefolket flytte ut og garden vart liggande aude. No var det kunn ein innbyggar igjen i Nundalen
og det var ho Johanna på Hagen.
Ho laut flytta frå garden sin same året.
Hermann testamenterte den 19/5-1959 garden til sønene av den yngste systera, Karen.
Noverande eigar er søner av soneson til Karen, Paul Ulvenes, Paul Andrè og Åsmund Ulvenes.
Stiftingas planar med garden:
Garden skal nyttast til bruk for ålmenta, restaurerast og haldast i stand for å syna oppveksande
generasjonar korleis folk i Årdal livnærte seg i Årdal.
Garden er bygsla vekk til Stiftinga Nundalen for 80 år.
Vidar Moen