Miljøstiftinga Nundalen
Nyhende
Artiklar

-Må setta seg inn i planane

Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane meiner seimdøler og andre som brukar området må sette seg godt inn i planane om småkraftverk - og organiserer naudsynt motstand. Det skriv leiar Jon Farestveit i eit lesarinnlegg til Sogn Avis. Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane har ikkje hatt denne saka til handsaming enno, og me kjenner difor ikkje konsekvensane av ei mogle gutbyggjing av vassdraget.

Krav til kommunane
-Slike kraftverksaker bør sjølvsagt vurderast kvar for seg, og me har kravd at kommunane må laga planar for utbyggjing av småkraftverk med prioritering av kraftverk som kan byggjast og på den andre sida verning av andre vassdrag utifrå omsynet til natur, fiske og så bortetter. Berre på denne måten kan ein hindre den tilfeldige måten denne småkraft-boomen går føre seg på i dag.
Ein slik plan kan bli eit godt grunnlag for endeleg avgjerd, heiter det i brevet. Svein Erik Jevnaker og Thomas Eriksen er i ferd med å organisere lokal motstand mot småkraftverk i Seimsdalen.Lokal motstand Farestveit påpeiker at Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane, eller dei få lokkallaga som er, ikkje har kapasitet til å organisere motstand mot dei mange småkraft-prosjekta i fylket.
-Me må i dei fleste tilfella konsentrere oss om å gje uttalar og fråsegner til planane og om naudsynt klage på vedtak. Difor er det viktig at dei som skal leve og bu i nærområdet set seg godt inn i planane og om naudsynt organiserer motstand. Utan slik lokal medverknad vil Naturvernforbundet og andre han vanskeleg for å nå fram med sine synspunkt, ser det ut til.
Det vil også vere viktig at ein som tidlegare nemnd, det fram krav om at kommunane gjennomfører ei planleggjing av småkraftutbyggjinga, slik at løyve ikkje vert gjevne før ei slik planleggjing ligg føre, er konklusjonen.





Ny kai med fiskeplass
26.06.2006
Stiftinga Nundalen etablerer ny kai med fiskeplass tilrettelagd for funksjonshemma ved den nye rasteplassen på Loi. Ein ny beredskapsbåt, som kan nyttast i tilfelle av ras, får også plassen sin her.
Stiftinga Nundalen har lenge sysla med planar om å gjere Årdalsvatnet litt meir tilgjengeleg, både for årdøler og tilreisande turistar. Slik vert det sjåande ut på Loi når arbeidet er ferdig.

På god veg

No i vår har arbeidet med å etablere ein rasteplass med fiskebryggje og båtkai på Loi for alvor komme i gang, og leiar i stiftinga, Vidar Moen, seier til Porten.no at han er særs godt nøgd med utviklinga så langt. -Me byrja i april med å reinske skogen rundt og rydde opp i området. Olav Birger Hæreid har dessutan letta arbeidet enormt mykje med sine maskiner, så på ganske kort tid har me komme eit godt stykkje på veg, seier han.

Haugstadgutadn
Haugstadgutadn Vidar Moen og Bjarte Lægreid jobbar saman med resten av Stiftinga Nundalen for å få etablert både kai, fiskeplass og rasteplass på Loi. Eit større areal like overfor skyteanlegget er blitt planert og tilrettelagt, slik at det etter kvart kan etablerast ein skikkeleg rasteplass for turistar, i tillegg til bade- og fiskemoglegheiter. -Akkurat det med rasteplass er noko me manglar her på Tangen, og Statens Vegvesen er positive til eit samarbeid. Få midlar -Dei har imidlertid ikkje midlar i budsjettet til å få ferdigstillt den delen av arbeidet i år, så det vonar me å få på plass til neste sommar. Me ser dette som eit steg vidare på vegen for å gjere Årdal kjend. Dette er trass alt den mest trafikkerte strekninga bygda, og det er mangel på rasteplassar. Me trur eit slikt anlegg vil få folk til å føle seg meir velkommen til bygds, meiner Moen.

For funksjonshemma
-Me har også teke kontakt med Årdal Arrangement for å prøve å få til ei informasjonstavle, slik at folk kan stogge og sjå kva me har å tilby her i Årdal, både av natur, friluftsliv og andre aktivitetar, seier Moen, og legg til at den nye fiskeplassen også skal tilretteleggjast for funsksjonshemma. -I alle fall slik at det er råd å komme seg ned og oppatt med rullestol. No byggjer me sjølve kaien, og dermed også tilskomsten i stein og betong, medan kaiplatningen blir i treverk. Det skal også setjast opp rekkverk, seier han, og legg til at prosjektet er eit samarbeid mellom Stiftinga Nundalen, Årdal Jeger- og fiskerforening, Årdal kommune og Statens vegvesen. Haugstadgutane Arvid Solheim, Bjarte Lægreid og Vidar Moen er godt i gang med å byggje om båten.

Båt i beredskap
I tillegg til kaianlegget på Loi, ynskjer stiftinga seg også kaiplass i Linviki og i Naustbukti, ikkje minst med tanke på båten som vart innkjøpt i vinter.
-Her har me fått til eit flott samarbeid også med Hydro-beredkskapen og kommunen i høve til å ha ein båt i beredskap dersom det skulle gå ras på vegen. I fjor var Øvre Årdal innesperra av ras i nesten to døgn - utan liknande beredskap i bakhånd. No tilpassar me båten slik at han er i stand til å frakte sjukebårer, og syter for at beredskapen har opplæring til å føre båten, seier Moen, og legg til at han er svært glad for at formannskapet denne veka gjekk inn for å løyve 55.000 kroner til dette føremålet. Der konkluderte nemleg rådmannen i si tilråding med at ein slik båt så absolutt vil vere til nytte for borgarane i kommunen dersom vegen skulle bli stengd, medan politikarane var fulle av lovord over prosjektet som heilskap
Haustadgutadn

Vidar& Arvid
artikkelen er henta fra Porten.no
hanne@porten.no foto:Hanne.@porten.no



Dei gamle betongheller er ikkje egna til fundament for kai og må fjernast

Her er Ola Birger godt i gang med arbeidet


Nye Kaianlegg er under gjennomføring
Planen har vore å bygga kai på plassar ved Loi, Bukti, Tangen og Ekra i Nundalen. Kaien ved Ekra er no på plass. No er det Loi, Bukti og Tangen som står for tur.
Sjå teikningar her: Nye prosjekter

Her blir den nye kaien vaska

Naturleg val av stad

Loi vart valt fordi det er ein del folk som går tur nettopp her, og det har lett tilkomst med bil. Det gjer at ein kan nå mange, samtidig som ein tilrettelegge for handikappa og uføre, noko som medfører at mange kan nyttiggjera seg av tilbodet

Rasteplass og informasjonstavle
Når kai og tilkomst på Loi er laga er vi komen halvveges til ein sårt trengt rasteplass, ein plass som kan brukast til å fange opp og informere dei etterkvart mange turistane som passerar dei to rundkøyringane vi har i bygda. Vegvesenet skal byrja sitt arbeid med rasteplass og grøntanlegg i løpet av 2006/07.

Nye kaier og ny båt på Årdalsvatnet.


I 1994 kjøpte Miljøstiftinga Nundalen lekataren Thor. Miljøstiftinga har nytta lektaren til transport av folk som vitja Nundalen, den har og i vår, gitt sin bidrag til frakt av transformatorar og dieseltank over Årdalsvatnet. Legging av fiberkabelen mellom Øvre og Tangen blei gjort frå lektaren, lokalisering og flytting av gamle Årdalsfjord vart også gjort med lektaren Thor. Ein av dei siste oppdrag var å frakte gravemaskin til Nundalen for å banke ned pålar til ny kai. No er Thor vekke som den siste av lekterane på Årdalsvatnet

Frå Odinplattforma til Nundalen
I 2004 kjøpte Miljøstiftinga ein livbåt på 29f. det er ein 1984 modell. Båten gjorde teneste i Nordsjøen, på borefeltet Odin, men var aldri ute i aktivt arbeid.

Dugnad
Frå januar 2005 og fram til i dag har livbåten blitt ribba for overbygg, skroget er pussa og malt. Mange timar er lagt ned i båten og nytt styrhus er på plass i løpet av nokre veker.

Båten er tenkt å gå fart mellom Hæreid, Loi, Bukti og Nundalen. Den vil væra i drift ved juni/juli 2006.
Årsaken til at vi har anskaffa ny båt er trongen for frakt av personar over Årdalsvatnet, som vitjar Nundalen.
Båten har ikkje fått nok namn enno, men har du eit godt forslag så send det inn til oss.

Tilrettelegge for bruk av Årdalsvatnet, til rekreasjon for fleire brukargrupper.
Årdalsvatnet har i dag ingen tilrettelagde kaiar eller fiskeplassar. Årdalsvatnet er også lite brukt som rekreasjonsområde,
dette er noko ein kan sjå på med undring, då Årdalsvatnet eigentleg er i perle som ein kan sjå om ein opnar auga for det.

Dette noko me har tenkt å gjera noko.
Så vi tenkte å slå to "fluger i ein smekk" det har me tenkt og gjæra, me bygger kai som er tilrettelegd for fiske på Loi.

Nye Kaianlegg er under gjennomføring
Planen har vore å bygga kai på plassar ved Loi, Bukti, tangen Nundalen. Kaien i Nundalen er no på plass !(link til ne før)Les meir her: No er det Loi, Bukti og Tangen som står for tur.
Sjå teikningar her: Nye prosjekter

Naturleg valg av stad
Loi vart valgt fordi det er ein del folk som går tur nettopp her, og det har lett tilkomst med bil.
Det gjer at ein kan nå mange, samtidig som ein tilrettelegge for handikappa og uføre, noko som medfører at mange kan nyttiggjera seg av tilbodet.

Rasteplass og informasjonstavle
Når kai og tilkomst på Loi er laga er vi komen halvveges til ein sårt trengt rasteplass, ein plass som kan brukast til å fange opp og informere dei etterkvart mange turistane som passerar dei to rundkøyringane vi har i bygda.
Vegvesenet skal børja sitt arbeid med rasteplass og grøntanlegg i løpet av 2006/07. Kaien byrjar Miljøstiftinga med i sommar

Byggeløyve
Miljøstiftinga Nundalen har fått byggeløyve til kai på Loi og det er bevilga kr 80 000,- frå Fiskefondet i Årdal kommune. Finansiering av desse tiltaka gjer ikkje seg sjølve og vi er avhengige av tilskot frå gode samarbeidspartnarar.

Ras og ulykker som medfører isolasjon mellom Øvre og Tange sete kommunen i eit behov for båttransport
Etter 15. november i 2005 med både Øvre og Tangen isolerte kom Årdal kommune i ein slik situasjon at dei ikkje hadde klart og frakta ut evt. sjuke personar frå Øvre og til sjukehus.
I møte med Årdal kommune og Beredskapen til Hydro har Stiftinga Nundalen tilbydd Hydro og kommunen i å bistå med vår båt dersom ein slik situasjon skulle oppstå enno ein gong.
For å kunna gje dette tilbodet er ein avhengige av kai for å kunne bringe ei sjukebåre om bord i båten.

Tangen og Øvre
Årdal kommune vil derfor sjå på å kunna bidra med midlar inn i Miljøstiftinga s planar om tilrettelegging av kai og naust ved gamle kranen, framfør vatnet på Årdalstangen og i Øvre evt. i naustbukti.
For å nytte båten til ein slik beredskap eller naudsituasjon blir den bygd om til å kunne ta ei båre inn i styrehuset på båten. Kommunen vil og kunne bidra med midlar som sikrar at båten vert teneleg til utlån i krisesituasjonar.

Realisering av planane
Denne formen for samarbeid medfører at vi som eigarar og brukarar kan få våre planar realisert og kommunen får sine behov dekka.

Arbeidet med kaier blir satt i gang i løpet av våren og vegvesnet setter i gang med rasteplasser. en gang mellom 2006 og 2007
Turistnæring i ein vill og vakker natur
Det er ikkje vanskeleg å sjå føre seg at tiltaka kring Årdalsvatnet kan nyttast i turistsamanheng når ein skal knyta blant anna fjord og fjell saman til ei oppleving.
Kai anlegga blir også tilrettelagt for handikappa, som kan nytta høve til å sitta i rullestol og fiska, då kaianlegga er bearbeidd for dette formålet.

Les meir på sida: Nye prosjekter
Ofte opplever ein at turistar køyre gjennom Årdal, Med anlegga kan ein få turistar til og stogga ei stund, fora dei med informasjon slik at turisten reiser vidare med meir kunnskap om bygdi. Og sist men ikkje minst: at turistar stoppar og blir, at dei benyttar seg av tebåa Årdal har gje dei.


Her er dugnadsfolka igang med det krevande arbeidet med å byggja om båten

Meir på: Nye prosjekter

Her er Thor på veg inn i Børtnes med folk som har vitja Nundalen Foto: Egil J Lund

Jaktlag på Skamdalen Meir på: jakt og fiske


Den nye båten er snart klar



wwww.nundalen.no |