BRATTLI
Three Column CSS Layout

Brukarar


Bruk 3 B

1.Anfinn Trondsson1
2. Eirik Anfinnsson Nundal
3. Eirik Vilkensson Torpen


1Let ein part av br.3A til sonen.
Denne delen vart kalla Brattlid.

Kilde: Bygdebok for Årdal, slektsbandet

















Ny tekst kommer snart

Fyrste gongen namnet var registrert var i 1611, då var namnet Nødtorp eller Naut-torp,ein stad der det samlar seg krøtter. I 1630 vart det skrive Nortorpen seinare berre Torpen. Garden var i privat eige så langt attende som ein kjenner til men vart styrd under Haugstad (kyrkjegods under Kyrkja i Fortun).

Fram til 1612 var det ikkje nemnd andre brukarar i dalen enn han Ola(Ola knægt) og husmenn. Etter Ola var det ein Åmund(1616-1683) som overtok. Åmund kjøpte Torpen.

Son til Åmund, Ola Åmundson (1660-1707) overtok etter far sin og var den siste brukaren som styrde både Haugstad og Torpen

FAKTABOKS


Om lauvsanking - Grå-åren
Dei mest brukte treslaga til forsanking Grå-åren [gråor] er eit av dei treslag som har vorte lauva mest i Årdal
Han set ei mengd rotog stubbeskot som veks sers fort dei fyrste åra. Beitefeet bryr seg så lite om renningane at dei fleste får veksa opp uskadde av bit og gnag.
Skota veks best når stomnane vert rothogne i vinterhalvåret etter lauvinga, 4-5 år gamle er vekstringane vanleg 2-4 m høge, så teigane kan lauvast på nytt lag.
Av desse grunnar kan grå-åren haldast som småskog (lågskog), jamvel i beste beitemarkane nær gardane, og då småskog er mykje raskare og lettare å lauva enn storskog(høgskog) kunne bøndene spara mykje arbeid med denne bruksmåten.
Det var såleis vanleg dagsarbeid å hogga 120-140 kjervar årelauv mot 100 i annan skog…

Låglandsbjørka er så ulik grå-åren på mange vis at ho må lauvast på ein heilt annan måte. Når eit tre av dette bjørkeslaget vert hogge, kjem det nok opp mange stubbeskot.
Men buskapen, serleg geitene, er uvanleg glad i desse renningane…
I nærleiken av gardar som held geiter, vert skot og renningar av dette treslaget for det aller meste øydelagde…

At låglandsbjørka, som oftast veks i nærleiken av gardane, ikkje kan haldast som småskog…
Når låglandsbjørka skal lauvast, klyv difor lauvkaren opp i treet, av den grunn vert slik bjørk kalla klovskog. Så høgg han høveleg mange toppar og greiner, eller med andre ord, han tynner ut kruna…
Sommaren etter lauvinga får ei slik bjørk nye sideskot frå greiner og unge stomnar.

På friske tre vil både dei nye og gamle skota leggja i veg med rask vokster, og 5-6 år etter styvinga kan ein teig lauvast på nvtt.

Søren Ve: "Bjørki må ikkje snauhoggast for kvister og greiner, då vil ho lettare ta skade. Det må stå att høveleg mange skot. Ein regel som eg har høyrt at mange lauvkarar gjekk etter i dette arbeidet, lydde slik:

Når ein står ved stomnen av ei stor bjørk og ser upp, skal kruna sjå mest like tett ut etter som før lauvingi."

Kilde: Hæreid, Erik og Sagen, Olav:"Hjelpefôr frå skog og fjøre",Bygdebok for Årdal, band 1 (side 361 ff),
Årdal sogelag 1971 & Ve, Søren: Bonden, buskapen og skogen i gamle Vestlandsbygder,særtrykk av Tidsskrift for skogbruk, Oslo 1941]
Kilde: Hæreid, Erik og Sagen, Olav:"Hjelpefôr frå skog og fjøre",Bygdebok for Årdal, band 1 (side 361 ff),
Årdal sogelag 1971 & Ve, Søren: Bonden, buskapen og skogen i gamle Vestlandsbygder,særtrykk av Tidsskrift for skogbruk, Oslo 1941]